Sport | 06. jan. 2014

– Blir steintøft

Handballherrene til Os går inn i to tøffe månader. – Det blir steintøft og spennande, seier sportsleg leiar Joachim Nøkleby.

– Blir steintøft
Sportsleg leiar, og høgrekant, Joachim Nøkleby ladar opp til kamp med ei jobbøkt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 06. jan. 2014 10:56

Måndag kveld opnar handballherrene til Os Turn vårsesongen med bortekamp mot Sotra. Den første av åtte tøffe kampar i løpet av januar og februar.

– Det blir to steintøffe månader.

– Men vi er praktisk talt skadefrie og stiller allemann alle, fortel sportsleg leiar Joachim Nøkleby.

Har løfta seg enormt

Riktig alle er rett nok ikkje med. Keeperkjempen Einar Godø er ute med ei korsbandskade.

– No ser vi resultatet av at vi henta inn ein trenerkapasitet i Jesper Svensson.

– Andreas Glomsaas Sennesvik (AGS, journ. mrk), som fram til Einar blei skada var andrevalet i mål, har tatt eit enormt steg under Jesper si leiing.

– Vi har ingen grunn til å uroa oss over keeperplassen, smiler Nøkleby.

Nøkleby trekk òg fram venstrekant Øystein Skarding som ein av dei andre spelarane som har utvikla seg mykje under det nye regimet.

– Sjølv vi gamlekarane har blitt betre, men AGS og Øystein har tatt mykje større steg enn eg hadde trudd dei ville gjera, skryt høgrekanten.

Må helda seg skadefrie

Med kampar mot 3. (Stord 2), 2. (Åsane) og 1. plassen (NHHI) på rekkje og rad peikar Nøkleby på ein viktig faktor for at laget skal halde seg unna nedrykksspøkelse.

– Vi må klare å halde oss skadefrie.

– Vi er ein liten tropp og treng alle mann.

– Kampen i kveld blir ein nøkkelkamp i høve det som var målet før sesongen, nemleg å halde seg i divisjonen.

– Sotra ligg bak oss på tabellen og det er viktig å slå dei som er det.

– Når det gjeld dei tre neste kampane så kan vi klara å plukke poeng der òg, om vi berre held oss skadefrie.

– I så fall er vi plutselig med på øvre halvleik av tabellen, men eg får seie det alle gjer.

– Vi må ta ein kamp av gangen, så får vi summera opp til slutt, avslutter Joachim Nøkleby.

Os ligg før dagens kamp på 7. plass med 9. spelte kampar, to til fem mindre spelte kampar enn laga framfor dei på tabellen.

Sjå tabellen her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.