Lokal | 11. feb. 2020

Blir stengt i fleire dagar etter skadane i natt

– Vi jobbar hardt for å opna så snart vi kan, seier Kayser Berg frå Aktiv365.

Blir stengt i fleire dagar etter skadane i natt
Sånn såg det ut 30 minutt før full flo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. feb. 2020 10:26

Ekstremfloa måndag kveld kom inn i Brugata, der treningssenteret Aktiv365 Xpress var blant dei som fekk brakkvatn inn dørene.

Over 30 minutt før full flo (23.50) fossa det inn i lokalet.

– Vi har sett tendensen før, men aldri som dette. Klokka 22.30 såg det greit ut, klokka 23 blei det klart at det kom til å gå gale, seier Tor Fredrik Kayser Berg frå Aktiv365-kjeda.

– Det var lite å gjera med det der og då, men utover natta var det lensing og tørking.

Vatnet sto på det meste 14-15 centimeter oppetter veggane.

– Det er nok berre éi eller to maskiner som er skadd, det verste er golv og veggar. Vi må òg få sjekka eletrisk anlegg.

Vatnet sto 14-15 cm oppetter veggane. (Foto: KVB)
Vatnet sto 14-15 cm oppetter veggane. (Foto: KVB)

Stengt til og med fredag

I dag er det møteverksemd både i kjedeleiinga og med huseigar og takstmann.

– Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta før vi kan opna igjen, men vi sender i dag ut melding til medlemmane om at senteret er stengt til og med fredag.

Senteret har rundt 500 medlemmar.

– Dei kan i mellomtida trena på dei andre sentra våre. Dei som ligg nærmast er på Sndsli, Kokstad, Søreide og Paradis.

– Vi reknar med at kanskje éi elelr to maskiner er skadd. (Foto: Nicolay Pitai)
– Vi reknar med at kanskje éi elelr to maskiner er skadd. (Foto: Nicolay Pitai)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.