Lokal | 07. juli 2018

– Blir trist og lei

Ordførar Marie Bruarøy blei lei seg då ho såg garnet som var forsøkt brent på ein holme full av hekkande fiskemåsar.

– Blir trist og lei
ein måseunge (ringa inn) svømde rett over spøkelsesgarnet og kunne fort blitt sittande fast (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 07. juli 2018 12:26

Bildeserie:

På land har nokon brent garnet og ein gamal bilradio. Garnet har smelta ned i berget  (lesarbilde: Marie Bruarøy)
På land har nokon brent garnet og ein gamal bilradio. Garnet har smelta ned i berget (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Marie tok med seg mann og barn for å rydda opp på holmen (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Marie tok med seg mann og barn for å rydda opp på holmen (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Dei fekk skore laus noko av garnet, men måtte gje seg for ikkje å forstyrre dei hekkande fiskemåsene (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Dei fekk skore laus noko av garnet, men måtte gje seg for ikkje å forstyrre dei hekkande fiskemåsene (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Ordføraren håper den som brente garnet kjem seg ut att på holmen og rydder opp etter seg (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Ordføraren håper den som brente garnet kjem seg ut att på holmen og rydder opp etter seg (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Ei god klase med garn blei med i båten til ordføraren og familien (lesarbilde: Marie Bruarøy)
Ei god klase med garn blei med i båten til ordføraren og familien (lesarbilde: Marie Bruarøy)
1 av 5

Tidlegare denne veka fekk ordførar Marie Bruarøy ei melding frå naturfotograf Oddmund Lunde som hadde oppdaga eit garn som låg delvis på land på ein holme i Kjerringahavet.

– Han lurte på om det var nokre instanser som tek hand om slik forsøpling. Sjølv hadde han for stor båt til å koma seg inntil.

– Eg svarte at det gjer det vel eigentleg ikkje, men syntest det var for gale, så eg svarte at eg og mannen min kunne ta ein tur.

Måseunge gjekk såvidt klar

Saman med mann og born tok difor ordføraren båten ut til holmen fredag ettermiddag.

– Då vi kom ut der såg vi at nokon hadde prøvd å brenna garnet på holmen. Delar av det låg ute i vatnet, og akkurat då vi kom svømde ein fiskemåseunge rett over det. Det var berre flaks at den ikkje sette seg fast. Då vi drog opp garnet var det fullt av daude krabbar og småfisk, seier Bruarøy.

– Eg blir skuffa når folk i 2018 tenkjer det er greitt å brenna plast og garn på ein holme i skjergarden vår. Det er greitt nok at ein gjorde slikt i gamle dagar, men det kostar ikkje meir enn ein hundrelapp å levera det til BIR i Kolskogen, påpeiker ordføraren.

– Ikkje berre forsøplar dei strandsona, men dei gjer det også farleg for dyrelivet som lever der. Garnet som var brent på land var i tillegg fullt av bly etter lodda som var festa på garnet for å få det til å synka, legg ho kjapt til.

Sterkt truga art

På holmen var det fleire hekkande måsar, men familien Lunde Bruarøy tok seg likevel i land for å freiste å rydda litt opp.

– Vi ville ikkje uroa fuglane meir enn nødvendig. Dei blei ganske stressa av at vi var der, men hadde vi berre latt det ligge kunne dei fort satt seg fast i garnet. Fiskemåsen er ein sterkt truga art, så vi måtte berre hjelpe.

– Eg håper at den som har vore i land på holmen kan komma tilbake og rydda opp etter seg, om vedkommande ikkje gjer det, så får vi eller ta ein ny tur etter hekkesesongen.

Alle kan bidra litt

Ordføraren har ei klar oppmoding til andre som ferdast på sjøen og i skjærgarden.

– Om alle kan følgje med og ta i eit tak, så kan vi kanskje saman bidra til å få rydda opp. Alle kan bidra litt, vi må hugse på at vi berre låner naturen og ved å ta i eit tak kan redda framtida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.