Sport | 20. okt. 2019

Blødde for drakta

Opprykket var allereie sikra, men det stoppa ikkje Søre Neset frå å kjempa hardt i årets siste kamp.

Blødde for drakta
Opprykksklare Søre Neset kjempa hardt, men det vart ikkje siger i årets siste heimekamp. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 20. okt. 2019 08:20

Bildeserie:

Laksevåg scora begge måla sine på dødball-situasjonar i første omgang. (Foto: KOG)
Laksevåg scora begge måla sine på dødball-situasjonar i første omgang. (Foto: KOG)
Christer Olsen kjempa på seg nasablod. (Foto: KOG)
Christer Olsen kjempa på seg nasablod. (Foto: KOG)
Det same gjorde Emilis Zilinskas i sluttminutta. (Foto: KOG)
Det same gjorde Emilis Zilinskas i sluttminutta. (Foto: KOG)
Trenar Frank Haugland fekk Zilinskas på beina att. (Foto: KOG)
Trenar Frank Haugland fekk Zilinskas på beina att. (Foto: KOG)
Etterkvart var Zilinskas klar for å avslutta kampen. (Foto: KOG)
Etterkvart var Zilinskas klar for å avslutta kampen. (Foto: KOG)
Foto: KOG
Foto: KOG
– No skal vi feira opprykket! (Foto: KOG)
– No skal vi feira opprykket! (Foto: KOG)
1 av 7

Søre Neset, som starta opp igjen med seniorlag før fjorårssesongen, rykte opp til 6. divisjon på første forsøk.

Fredag for halvanna veke sidan sikra dei opprykket til 5. divisjon, og i går spelte dei årets siste kamp, ein kamp dei ikkje måtte vinna.

Svoltne på meir

Trenar Frank Haugland fortel at det var eit noko meir uerfarent lag som starta årets siste kamp heime på Halhjem i går.

– Etter at vi allereie hadde sikra opprykket i førre kampen mot Viggo, kunne eg senda utpå fleire spelarar med noko mindre speletid frå årets sesong. Samstundes var desse 11 ein svolten gjeng som sjølvsagt ville avslutta sesongen med siger på heimebane.

To dødballar med elendig markering

Søre Neset fekk det likevel tøft mot gjestane frå Laksevåg.

Laksevåg, som heller ikkje hadde så mykje å spela for, men som sikkert hadde lyst å tufta vertane i det som skulle bli den store opprykksfesten, var nådelaust effektive på to dødball-situasjonar i første omgangen.

– Vi var elendige i markeringa på eit frispark og ein corner, og vi gjekk til pause med 2-0 mot oss, fortel Haugland.

– Vi tok oss då ein god prat i pausen, og vart einige om få snudd dette i andre omgang.

1-2 Nasablod

Allereie to minutt ut andre omgang reduserte Søre Neset ved Emilis Zilinskas.

Trass i fleire gode sjansar i sluttminutta klarte ikkje Søre Neset å utlikna, og det vart med tap i sesongens siste kamp.

Søre Neset - Laksevåg 1-2 (0-2)

Målskårar Søre Neset: Emilis Zilinskas

Gule kort: Christer Bergesen Olsen, (Søre Neset, 64'), Jahn Erik Askeland, (Laksevåg 64')

– Vi kjempar godt i heile andre omgang, men marginane var ikkje på side, seier Haugland.

– Eg vil samstundes berømma dommaren for å la spelet gå i ein «knota-kamp» som vart prega av mange tøffe duellar.

At det var tøffe tak på Halhjem, bar både Christer Olsen og Emilis Zilinskas preg av.

Olsen fekk tidleg ein smell, og måtte spela resten av kampen med papir stappa opp i nasa.

I sluttminutta gjekk Zilinskas kraftig ned i ein duell foran målet til Laksevåg, og det var ein blødande og omtåka kaptein som til slutt reiste seg opp att.

– Gutane blødde for drakta i dag, og tapet det er gløymt så snart vi har dusja og fått på oss festkleda.

– I kveld skal vi feira opprykket, avsluttar Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.