(Ill.: Statens vegvesen, 2015)

Bløff om Hordfast

Lesarinnlegg: At Bane Nor utset bygging av dobbeltspor er ikkje grunna framskynding av Hordfast.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I Os & Fusaposten 6/3 seier Øyvind Halleraker at Hordfast kan starta opp før 2024. Dette må vera ein gedigen bløff. Rett nok har Bane Nor utsett bygging av dobbeltspor, men det skuldast ikkje at dei vil framskunda Hordfast. I den perioden av NTP er det ikkje meir midlar korkje til Hordfast eller dobbeltspor.

I «Jeløyerklæriniga» frå regjeringa står taket på veginvesteringar fast, 1064 mrd. Det er også dette talet Oslo Economic legg til grunn for sin kalkulasjon som munnar ut i at 15 av NTP-prosjekta, herunder Hordfast vert ikkje realisert grunna høge kostnader.

I denne saka snakkar ikkje regjeringa med éi tunge. Me har ein samferdselsminister som lovar gull og grøne  skogar, men me har, heldigvis, ein finansminister som må halda seg til realitetane i den økonomiske politikken.

Finansministeren må ta omsyn til:
• Åtvaringa frå sentralbanksjefen om at me kan tapa 1000 mrd. av oljefondet grunna fallande aksjekurs
• Varsel om at renta vert sett opp
• Prioritering av andre samfunnsmessige mål.

Prinsippet for bompengar og tilsvarande avgifter er at du betalar for ei teneste du har eller skal få. Dette gjeld så vel bompengar som bossug.-avgift.

Eg er såleis samd med Nils-Anders Nøttseter (MDG) når han er tvilsam til å betala bompengar for eit prosjekt som ikkje har livets rett.

At Gustav Bahus (Frp) gjerne sel valløftet om Nei til bompengar mot eit styreverv i Hordfast er eg ikkje forundra over. Men eg vert forundra om posisjonen (H + Frp) pressar gjennom denne saka slik Halleraker ber om.

Jan Gaassand
Os Senterparti