Blotta fasaden
Os Sjøfront letta på sløret før påske.
Sjølv om det ikkje er innflytting før fellesferien er over står truleg dei første leilegheitene i Os Sjøfront så og seia ferdige denne månaden.
H-blokka, som ligg nærmast Oseana, er saman med naboen I-blokka dei to første som får får folk om bord.
Onsdag viste H-blokka seg også ferdig frå utsida, då stillaset blei fjerna og den kvite fasaden blotta for osingar og forbipasserande i båt.
Storbergen Boligbyggelag, som er medeigar og styrer prosjektet, fekk ein roleg start på 2012, men selte svært godt siste halvdel av januar.
Les òg: Selte fem førre veke
Sidan den gong er yttarlegare to selt, men framleis er 10 av dei til saman 43 i H- og I-blokka ledig.
Sånn har salet fordelt seg til no:
H: 12 av 20 selt
I: 21 av 23 selt
J: 11 av 20 selt
K: 16 av 19 selt