Lokal | 24. nov. 2018

BOF henta båtvrak

Eigar la båten frå seg på framand kai i juni. Ei veke etter gjekk den ned.

BOF henta båtvrak
Båten som gjekk ned i slutten av juni blei i førre veke tatt opp og køyrd vekk. (Foto: BOF.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. nov. 2018 13:29

Det låg ein lapp frå eigar av kaien på båten som i slutten av juni gjekk ned.

Så blei båten liggande, til irritasjon og bry for badande i friluftsområdet Grindevollsstøa (Skeisstøa).

– Båtvrak er dessverre eit problem i heile kommunen, sa brannsjef Stein Gjøsund då naboar klagde.

Han forklarte òg kvifor det ikkje er praktisk, økonomisk og juridisk enkelt å fjerna båtar som ligg på andre sin kai. Eller under vatn.

Finansiert av Miljødirektoratet

Båten blei liggande fram til i førre veke.

– Med god fagleg hjelp frå Os brann og redning, og Sårheim Transport, fekk vi heist opp vraket og frakta det til gjenvinningsanlegg, fortel Bergen og Omland Friluftsråd.

Midtsiden har fått lov å bruka BOF sitt bilde til omtale av saka.

Sjå fleire bilde frå aksjonen på BOF si Facebook-side.

– Tiltaket går inn under vårt prosjekt mot marin forsøpling, som er finansiert med midlar frå Miljødirektoratet, opplyser BOF.

Dermed er Grindevollstøa friluftsområde rydda for denne gong.

• Les meir om friluftsområdet på BOF.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.