På tysdag kan du treffa bokbåten Epos i Strøno og på Vedholmen. (Foto: Epos)

Bokbåten kjem til Os

På tysdag får Strøno og Vedholmen besøk av Epos. 

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tysdag 5.mars finn du bokbåten Epos i Strøno mellom klokka 9 og 10.30, og på Vedholmen mellom klokka 11 og 14. 

Det er kultureininga ved Os kommune som melder dette.

Program om bord

Som kulturprogram for våren 2019 har bokbåten med seg «Sofia og Eliana frå Klangvegen.» 

Sofia er frå Finland/ Sverige og Eliana er frå Italia. 

Sofia og Eliana leikar med det verbale og det musikalske språket, det vert song og vi får høyre det finske nasjonalinstrumentet kantele. Dei utforskar musikken sine klangar, og ulike musikalske karakterar vert forsterka med dans og rørsle, og skapar på den måten indre bilete for barna.

I programmet finn vi musikk som er heilt stille og musikk som har sterke kjensle. Nord møter sør, mørke møter ljos og venskap bærer Sofia og Eliana gjennom alle dei ulike kjenslene musikken skapar i dei. 

 I Strøno kan du sjå framsyninga klokka 9, og på Vedholmen klokka 11. 

Framsyninga høver for barn frå 6 år.

Framleis eit seglande bibliotek

Bokbåten er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal.

Sogn og Fjordane var også med i dette samarbeidet i over 50 år, men måtte avslutta bokbåttenesta hausten 2015, p.g.a. nedskjeringar i den fylkeskommunale økonomien.

To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane.

I Hordaland har kvart stopp ein kontaktperson som tek i land 200 – 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong.  På familiestoppa (ettermiddag og helg) er lånarane registrert som privatpersonar som i eit vanlig bibliotek. Lånarane kan levere tilbake bøkene på kva bibliotek som helst i heile landet, eller ein kan velje å behalde bøkene til neste bokbåtbesøk.

Fleire saker