Boks bles av bil
OPPDATERT: Før helga landa ein takboks med ski på tomta til Brødrene Borgen. Eigar trudde den var stolen.


Før helga tok vinden tok tak i takboksen på ein bil som kjørte på E39 mellom brua over Ulvenvatnet og Svegatjørn.
– Det var ein av dagane før helga, lurer på om det var fredag, seier Gisle Borgen frå Brødrene Borgen Ferdigbetong AS.
– Det som er litt rart er at ingen har kome for å henta boksen, ein skulle jo tru at du merkar om denne flaksar av taket.
Bilen hadde retning frå Halhjem mot Bergen då den blei ein takboks fattigare. Vinden og boksen røska også med seg den eine takgrinda på bilen.
– Ein av våre betongbilar passerte den uheldige bileiigaren akkurat då boksen bles av. Det var nok litt blikkfang i boksen, så han er ikkje sikker på kva bil det var, men han trur det var ein Volvo.
– Den som kjem opp her med takgrinda som ikkje bles av bilen kan få takboksen med seg, smiler Borgen.
OPPDATERT: Eigaren trudde takboksen var stolen, men blei tipsa om artikkelen på Midtsiden.
– Eg var i Bergen ein tur den dagen og oppdaga ikkje at boksen var vekke før eg kom heim.
Han fortel at han ikkje høyrte noko då boksen bles av bilen, og at han skulle melda saka til politiet i dag.
– Eg har allereie snakka med forsikringsselskapet, men no kan eg visst ringa dei på nytt. Bilen ser ikkje skadd ut, seier bileigaren som no får takboks, ski og labbar tilbake.