Bøll på BØ
Bjørnafjorden Bryggeri gjorde suksess på Bergen Ølfestival.
Bildeserie:
Sidan starten i 2017 har gjengen, eller «ein god gjeng med ølhundar» som dei sjølv kallar seg, kokt jamt og trutt i grytene sine.
• Les òg: Fullt hus på lanseringsfest
Sist helg vart Bergen Ølfestival arrangert på Bergenhus Festning. Imponerande 23.500 menneske var innom festivalen i løpet av to hektiske dagar.
BØLL
Tradisjonen tru var det eit av dei lokale bryggeria som skulle få brygga årets festivaløl, òg kjend som BØLL. I år hadde Bjørnafjorden Bryggeri dette gjeve oppdraget.
Ikkje berre eit stort og prestisjefullt oppdrag; nettopp dette ølet vart kåra til årets øl under festivalen!
Av ekstra lokal interesse kan vi nemna at det i 2015 var det ikkje ukjende Lysefjorden Mikrobryggeri som hadde oppdraget med å brygga årets BØLL.
Bjørnafjorden Bryggeri sin versjon av BØLL vert omtala som eit moderne tradisjonsbrygg med kveik frå Dyrvedalen. På den internasjonale øl-appen Untappd kjem BØLL 2018 ut med ei snittskåring på 3,38 av 5 moglege poeng. Dette basert på 187 vurderingar frå brukarar av appen.
Hjelle fekk 1. og 3. plass
BfB hadde i tillegg sjette best sal under festivalen, og dei hadde samstundes det mest tappa ølet av meir enn 400 typar under Bergen Ølfestival.
Ikkje berre vanka det lovord om årets festivaløl, osingen Kjell Magne Hjelle klinka til med ein 1. og 3. plass i heimebryggarkonkurransen.
Vinnarølet «Passion for Kveik» skal etterkvart bryggast hos Bjørnafjorden Bryggeri.
Særs godt nøgd med helga
Gaute Lia frå Bjørnafjorden Bryggeri fortel, ikkje lite stolt og entusiastisk, om ei travel helg for karane frå BfB.
– På det meste var vi fem karar i drift under festivalen. Optimistiske som alltid trudde vi at vi hadde rikeleg med øl med oss. Laurdag morgon måtte vi køyra ned ei ny ladning. Så dette gjekk over all forventning med andre ord. Ei velordna vaktliste sytte for at vi veksla mellom å driva standen vår, og gjera det nest viktigaste på festivalen; nemleg gå rundt og smaka på øl.
– Nemnast kan òg at vår eigen Tarjei Skeie sat i juryen for å kåre vinnaren av heimebryggarkonkurransen, saman med Stan Hieronimus og Lars Marius Garshol. Begge desse er store namn i ølverda.
Utviding eller status quo?
Det har vore fleire saker i media i seinare tid kor ein meiner at toppen er nådd for mikrobrygga øl. Bryggeriforeningen uttalte seinast i juli på nrk.no at dei ikkje ville vera overraska om halvparten av bryggeria var borte om nokre år.
– Kva tenkjer de i Bjørnafjorden Bryggeri om denne spådommen?
– Vi driv BfB på pur idealisme, er gjeldfrie og tek éin dag av gangen. Joda, vi har ein langsiktig plan for draumen vår, men nett no skundar vi oss sakte, seier Lia.
Om ein skal tolka signala frå Bergen Ølfestival 2018, er ølhundane frå BfB godt på veg. På den rette vegen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.