Kultur | 15. des. 2010

Bone Shakers på heimebane

Bone Shakers har i haust rocka Garage og Hulen. Fredag skal dei endeleg spela i heimbygda Os igjen.

Bone Shakers på heimebane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. des. 2010 21:12

- Det var knallbra stemning då vi spelte seks låtar på Søfteland Rock N Lol i sommar. På fredag blir det 8 låtar, seier trommespelar i Bone Shakers Andreas Lindborg.

Det unge bandet har hausta mykje ros og fått fleire spennande spelejobbar det siste året. Fredag vil dei rocka inn jula på Bar2Be.

Forsvaret forstyrra
Bone Shakers blei starta på Søfteland våren 2008. På festivalen det same året framførte dei to låtar, etter det blei det førstegangsteneste på meir eller mindre heile bandet.

- Ikkje kom vi inn i militæret samstundes heller, så det blei tynt med øving. I romjula i fjor spelte vi på jam på Garage, og blei booka på direkten etter at vi hadde vore på scenen. Men to av oss i bandet skulle på rundreise i nokre månadar, så då blei det nok eit opphald.

På banen igjen
I vår var Andreas Lindborg og Erik Aasen (gitar og vokal) tilbake i Noreg og Os og kunne slutta seg bandmedlemmane Espen Iversen (gitar) og Christian Andersen (vokal og bass) igjen.

- Då gjekk det unna. Sidan har vi spelt på Eggstockfestivalen, på festiival i Loddefjord, på Kvarteret, Hulen og Garage. På 20-årsjubileumet til Garage var vi nest sist på scenen og vi blei godt mottatt, seier Lindborg.

«Blautaskit» er med
Fredag skal King Calling, med blant anna osingane Giuliano Antonio LoMonaco og Eirik Søfteland, varma opp for Bone Shakers. Giuliano skal også på scenen med Bone Shakers på den eine låta, men han er ikkje den einaste gjesten denne kvelden.

- «Blautaskit» er også venta denne kvelden, og han skal etter planen spela med oss på éi låt, då saman med Even Hjertaas.

Få veit kven den forkledde figuren «Blautaskit» er, men når han dukkar opp blir det ofte morosamt.

Bar2Be følgjer opp «innrockinga» av jula med nytt band laurdag. Då skal tributebandet Red Hot Cherry Poppers på scenen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.