Kultur | 29. mars 2014

Booka 90-talsheltar

Dei har Spellemannsprisen sin som dørhandtak på Garage i Bergen. I august speler bandet på Osfest.

Booka 90-talsheltar
Pogo Pops. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. mars 2014 08:18

Tidlegare i veka sleppte Osfest, som går av stabelen 1. og 2. august i år, to nye band; Bigbang og Valkyrien Allstars.

No har Osfest-arrangørane nok eit band klart.

– Vi får Pogo Pops til Os, fortel Ole Reinert Berg-Olsen.

– Eg trur både nye fans og dei som var ungdom på 90-talet ser fram til å sjå Pogo Pops live i Os sentrum.

Nominert to år på rad

Pogo Pops blei nominert til Spellemannsprisen 1992 for debutalbumet, Pop Trip.

Året etter vann dei Spellemannsprisen for albumet for sitt andre album, Crash.

Sjå musikkvideoen til Crash på YouTube.

Prisen heng på Garage, som eitt av dørhandtaka på uteplassen i Bergen.

Comeback i 2006

Bergensbandet blei oppløyst i 1996. 10 år seinare var trioen, som består av Frank Hammersland, Viggo Krüger og Nicolai Hamre, samla igjen.

Pogo Pops har gjeve ut åtte album, inkludert ei samleplate i 2006.

Ferskaste album er Darling Emm, Northern Girl (2012).

«Nostalgitripp» skriv musikkmagasinet Hissig om Pogo Pops sin konsert på Ricks romjula 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.