Den nye barnekulen som skal koma her bør heita Hjella barneskule, meiner Språkrådet (foto: AH)

– Bør heita «Hjella»

Språkrådet rår til at den komande skulen aust om elva får namnet «Hjella barneskule».

Av: Andris Hamre

Rett før jul sendte kommunen eit brev til Språkrådet kor dei ba om råd om kva dei bør kalla den nye skulen aust om elva. 

Les saka: Borgafjell barneskule? 

Styringsgruppa for oppfølging av skulebruksplanen meiner at «Borgafjell barneskule» var det beste alternativet.

Det er ikkje språkrådet samd i.

«Namnet på garden der skulen skal liggja, bør i offentleg samanheng skrivast Hjella i samsvar med det gjeldande regelverket. I Sentralt stadnamnregister, SSR, er det denne skrivemåten som er registrert som godkjend og tilrådd form. Den nedarva munnlege gardsnamnforma er «Hjedla». (Jf. med det som står om dette namnet på s. 215 i band 11 i bokverket Norske Gaardnavne. Sjå elles § 4 i Lov om stadnamn.)» skriv Språkrådet i sitt svar.

Borgafjellet ikkje Borgafjell

Stadnamnkonsulentane hos Språkrådet kjem òg med ei presisering når det gjeld fjellet skulen eventuelt skal kallast opp etter.

– Det fjellnamnet som kommunen nemner i skulenamnsaka, bør skrivast Borgafiellet, med bunden artikkel. Det er berre denne skrivemåten som er registrert som godkjend form i SSR. 

– Me tilrår prinsipelt at skulen blir kalla opp etter garden der skulen skal liggja og at skulenamnet då blir skrive Hjella barneskule. Viss skulen, til liks med ein barnehage på staden, skal få namn etter det nemnde fjellet, bør skulenamnet skrivast Borgafiellet barneskule, avsluttar konsulentane.

Fleire saker