– Bør vera litt forutsigbart
Kommunestyret godkjende omregulering i Greidalsvegen. Plan om 3 einebustadar i 2008 blir no 14 bustadar.
Til handsaming i kommunestyret tysdag låg ein søknad om omregulering av del av felt B9 i reguleringsplanen for Ytre Moberg med reguleringsføresegner for Greidalsvegen gnr/bnr 51/40.
- Dette er jo ein artig sak å lesa, meinte Jostein Bondevik (KrF).
- Den starta med ei tomt på 3,5 mål med tre einebustadar i 2008. I 2010 kom ei mindre endring der planområdet blei omgjort til fire tomannsbustader.
- No i 2012 søkjer dei altså om å få byggje ein 10-mannsbustad og ein 4-mannsbustad, altså ei auke frå tre til fjorten husvære.
- Naboar må oppleve litt meir forutsigbarheit enn dette.
- Eg meiner dette er feil måte å handsame naboane som i 2008 kjøpte einebustadtomter i den tru at det var einebustader som skulle koma her òg, argumenterte Bondevik før han fremja TvS sitt forslag frå Plan- og bygningsutvalet (PBU) om ikkje å godkjenne endringa på nytt.
Trong for fleire små
Tiltakshavar Byggconcept AS ønskja å gjera endringar i reguleringsføresegnene for å gje høve til fleirmannsbustader, grunngjeve med at det er trong for små og rimelege bustader slik at fleire unge kan koma inn i bustadmarknaden og at det tilgrensa området er omregulert til fleirmannsbustader/lågblokk.
- Vi i Ap gjekk i PBU inn for omreguleringa.
- I programmet vårt seier vi at vi ønskjer ulike tomter og bustadar i ulike størrelser og prisklassar.
- Her har ein i tillegg sikker veg med fortau og kort veg til offentleg kommunikasjon. Vi vil difor gå inn for forslaget om å tillete omreguleringa, forklarte Harald Døsen (Ap).
Ikkje til vesentleg sjenanse
Døsen sit òg i PBU og har vore på befaring på den aktuelle tomta.
- Vi som har vore der og sett veit òg at desse husvera ikkje vil vera til vesentleg sjenanse for dei bakanforliggande bustadene, meinte Døsen.
Utan meir diskusjon blei omreguleringa vedteken mot Jostein Bondevik sitt forslag som fekk støtte frå TvS, V, Sp og KrF.