midtsiden

Born med bodskap

Sundag inntek omlag 100 barnehageborn Oseana med viktig miljøbodskap.

Av: Andris Hamre

Som avslutning på 10 dagar med konsertar, utstilling og underhaldning i Oseana er det sangen som står i høgsetet sundag.

Først ut er omlag 100 barnehageborn for fleire av barnehagane i Os som er med på Kari Fjeldstad sitt miljøprosjekt "Vern om min jord"

- Konserten startar klokka 15. Vi har med oss musikarar frå Bergen filharmoniske orkester som saman med barna skal framføra barnas eigen miljøsong, reklamerar Kari Fjeldstad.

- I tillegg blir det verdspremiere på ouvertyren "Oseana" som Tore Thorsen har komponert spesielt til konserten.

Barnehagebarna skal i tillegg ha kunstutstilling i foajeen kor inntektene saman med overskotet frå konserten går til SOS Barnebyer.

Massiv kormønstring

Den endelege avslutninga på opningsfestivalen er det kora i Os som står for. Kl 20 går Os kammerkor saman med Os Vocalis, Os mannskor, Os blandakor, Os kyrkjekor, Nornekoret, Phonos og Kyriaké på scena til nesten to timar med song.

Fleire saker