Lokal | 06. nov. 2014

"Bornas nobelpris" til Gregory

Gregory Smith blir torsdag heidra i New York for sitt årelange arbeid for å betre liva til Brasils gatebarn.

"Bornas nobelpris" til Gregory
Gregory Smith, her under utdelinga av kongen sin fortjenestemedalje i Oseana i november 2013. (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 06. nov. 2014 15:24

Gregory Smith, som i 1992 forlot trygge Noreg og Os for å hjelpa gateborn i Brasil, blir tildelt humanitærprisen frå World of Children Award.

Smith selde alt han eigde og reiste til Sao Paolo, Brasil, for han hadde eit brennande ønske om å hjelpa dei borna som hadde det vankeligst.

22 år seinare har organisasjonen hans Children At Risk Foundation vokst seg stor og har vore med å betra liva til fleire av Brasils vanskeligstilte born.

"Nobelprisen for barns ve og vel"

World of Children Award blei stifta av Harry Leibowitz i 1996 og saman med kona Kay Isaacson-Leibowitz han han heldt prisutdelinga kvart år sidan 1998.

World of Childrens Award anerkjenner heltar frå det verkelege liv og deira arbeid med å betra barn sine liv.

Smith får med denne prisen meir merksemd rundt arbeidet sitt og ei pengegåve på minimum 50.000 dollar som skal vera med på å hjelpa prisvinnarane å nå ut til enda fleire born. Prisen blir rekna som "Nobelprisen for barns ve og vel" og 6. november blir vinnarane i alle kategoriane samla i New York for å bli hylla og for å få utdelt prisane.

– Borna er vinnarane

I eit intervju med World of Children Award fortel Smith kva det betyr for han å vinna denne prisen.

– Eg har aldri hatt ønske om å bli berømt eller rik, ei heller hatt behov for takksemd eller å bli anerkjent.

– Mitt mål var berre å prøva redda liva til born som budde på gata og viss eg klarte det så ville eg bli ein lykkeleg mann.

– Å få ein slik pris gjer meg audmjuk, mest for å ha fått lov å bli innvolvert i desse borna sine liv, og eg deler denne prisen med alle dei borna som har blitt råka av oss, for dei er dei eigentlege vinnarane, fortalde Smith.

I november 2013 blei Gregory Smith slått til riddar av 1. klasse for arbeidet sitt i Brasil, og det mangla ikkje på go'ord under sermonien i Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.