Kultur | 15. nov. 2011

– Borte bra, Os best

ORBO & The Longshots fekk full utteljing i USA, men reiste ikkje heim med berre gode inntrykk i bagasjen.

– Borte bra, Os best
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. nov. 2011 07:56

I august fekk dei 6-ar i BT, i september var det sleppefest i Oseana. Så gjekk turen til USA for turné og promoarbeid for albumet «Praire Sun» i oktober.

– Vi fekk presentert musikken vår og det nye albumet for bookingselskap, plateselskap og publishingselskap. Singelen 'Highway Tears' blei ein stor hit blant radiofolka og mykje tyder på at den kan få ein god del speling i januar, når vi slepp albumet i USA, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Torsdag 27. okotber, etter drygt tre veker i uniten, kom Orboane heim til Os.

Lite pengar – mykje våpen

ORBO har vore fleire gongar i USA, både for å spela inn plate og for å halda konsertar. Men særleg denne gongen sit Ole igjen med eit skuffande inntrykk av USA og amerikanarar.

– Trass i at turen har gått fint musikalsk sett får opphaldet meg til å vera endå meir takksam for at eg bur i Noreg.

– Vi har USA frå ei litt anna side enn kva du gjer som turist. Vi har møtt lokalbefolkninga. Dei som ikkje har pass og som trur Skandinavia er ultrasosialistisk. Dei som synes synd på oss fordi vi ikkje klarer å forsvara oss i millitær samanheng. 16-åringar som veg 120 kilo og ekstremt sjølvsikre, men middelmådige songarar som drøymer om å overta verda.

Han meiner etterdønningane av finanskrisa i USA ikkje er eit fint syn.

– Aldri har fedmen vore værre. Aldri har folk vore så desperate etter pengar. Aldri har eg høyrt meir snakk om kor mykje våpen folk har heime i skapa sine. Aldri har jeg sett ei meir arrogant haldning til forbruk og aldri har eg opplevd ein mer forvridd versjon av sanninga enn den mange amerikanarar trur på.

– Dei trur dei reddar oss i Europa frå muslim-regime. Dei trur vi er kommunistar. Dei trur det er smart å nekta menneske som ikkje er fødd rik å gå på gymnas.

Land of the free?

ORBO seier han opplever USA som ein vanvittig politistat med eit helt forvrengt syn på kva det inneber å vera eit fritt menneske.

– Ta for eksempel allemannsretten. Den eksisterer ikkje der borte. Hvis du ser ein kjekk fjelltopp og tenkjer at du vil gå ein tur risikerer du factum este å bli skoten av nokon som med 'trespassing' har loven på si side. Det er altså ikkje lov å gå tur nokon plass. Med mindre det er i ein nasjonalpark.

– Eg var i ein sokalla nasjonalpark rett utanfor Nashville, for å koma unna trafikken ein dag. Eg blei møtt med eit skilt som fortalte at nærmast alt du vanlegvis ønskjer å gjera i naturen er forbode (sjå skilt i høgre marg).

– Kvifor er det sånn? Truleg fordi det er så mange amerikanarar. Det er folk overalt. Noregs befolkning er cirka halve New York.

Rockaren frå Os held fram med å fortelja om dagens hovudoppslag i radionyhende ein tilfeldig ettermiddag:

1. Mann i rullestol skoten og drept av politiet fordi dei meinte han hadde trekt våpen.
2. Toys'R'Us blei saksøkt av ei mor fordi ho meinte ei Halloween-dukke hadde lært ettåringen hennar å banna.
3. Ein gut blei kasta ut av college, basketlag og fråtatt skulestipend fordi eit overvåkningskamera hadde tatt han i å kyssa ein annan gut på campus.

– Land of the free! oppsummerer Ole.

Ny turné i vinter

Utanom observasjonane oppramsa over er ORBO & The Longshots strålande nøgd med USA-turen.

– Turneen vår omfatta i denne omgang Kentucky og Tennessee. Hovudmålet for turen var Americana Music Conference, eit gedigent bransjetreff i Nashville som fokuserer på americana-musikk. Her var Robert Plant, Allison Krauss, Lucinda Williams, Emmylou Harris, Buddy Miller og T-Bone Burnett med fleire. Alle dei store innan sjangeren.

ORBO spelte etter New York Dolls på ein stad som heiter The Rutledge.

– Konserten gjekk veldig bra! Vi har knytta mange kontaktar, både konsertarrangørar og radio-dj-ar, og vi har fått danna eit godt grunnlag for utgjevinga av Praire Sun, som er eit samarbeid mellom Grappa her i Noreg og Sony i USA, pluss managementet vårt Rainmaker, som held til i Nashville og Tampa.

To TV-program og eitt radioprogram med ORBO blei spelt inn medan dei var i USA. Desse blir sendt i januar.

– Vi skal sjå om vi får snike dei ut på YouTube òg, sånn at alle kan sjå kva Orboane held på med når dei ikkje er i heimbygda.

I februar-mars skal ORBO tilbake til USA for ny turné. Fram til då blir det ferie.

– No skal eg nyta seinhausten i den finaste bygda i verda, Os! Det ser eg fram til. Einaste konsert før 2012 blir den årlege julekonserten på Madam Felle. Den er nesten utselt, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.