Bortvist frå Plantasjen
Politiet måtte laurdag bortvisa ein mann som var til sjenanse for kundar og tilsette på Plantasjen.
Bjarte Rebnord ved Politiets operasjonsentral fortel om ein mann som plaga kundane på eit hagesenter i Os.
– Det var ein mann som i ett-tida var til sjenanse ved Plantasjen.
Mannen ville selja blader til kundane og i tillegg spurde han dei om å få bæra varene deira i håp om å få penger.
– Han blei bortvist frå staden og dei såg ikkje meir til mannen.
UP stoppa promillekøyrar
Laurdag var det tid for den årlege Ulvenmarknaden i Os, og politiet tok turen innom.
– Der er det ikkje meldt om anna enn mykje folk og god stemning, seier Rebnord.
Ei meir dramatisk hending hendte i halv åtte- tida laurdag då ein familie hamna i sjøen då båten deira velta utanfor Lepsøy. Det kan du lesa om her.
På nattetid var UP ute og stoppa ein bilførar på byvegen.
– Føraren blei anmeld for promillekøyring.