Ein mann i 30-åra skapte seg vanskeleg for politiet i Os sentrum i natt. (Ill.foto: KVB)

– Lite samarbeidsvillig

Mann i 30-åra meldt for ordensforstyrring.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Like over midnatt måtte politiet i Os hanskast med ein vanskeleg og lite samarbeidsvillig mann i Os sentrum.

Mannen som er i 30-åra var berusa og ville ikkje etterkoma pålegga frå politiet om å forlata sentrum.

Det er operasjonssentralen til politiet som melder dette.

Saka vart løyst ved at politiet gav mannen skyss ut av sentrum og i retning heimen.

Mannen vil bli meld for ordensforstyrring.

Fleire saker