Kultur | 01. apr. 2012

The Boss speler akustisk

Formiddagen 24. juli blir det akustisk konsert med Bruce Springsteen i Oseana. - Endeleg får eg draumen oppfylt, seier ordførar Terje Søviknes.

The Boss speler akustisk
Arrangementssjef Berit Steen og ordførar Terje Søviknes skålar over at The Boss - Bruce Springsteen spelar akustisk konsert i Oseana 24. juli (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 01. apr. 2012 10:23

Oppdatert: Aprilsnarr. Ja, vi har brukt Bruce før, éin gong, men denne gong var det kanskje meir realistisk. Bortsett frå at lesarane våre både er lynande intelligente og har god hukommelse. Vi hadde to andre spøkar på gang, men begge havarerte grunna eksterne tekniske utfordringar som ikkje lét seg løysa. Aprilspøken vår frå i fjor viste seg til slutt å bli bortimot sann, kommunen endra lesebrett til iPad kort tid etter. Kanskje blir denne spøken også sann ein dag. I så fall har vel vi ropt ulv så mange gongar at ingen vil tru oss same kva dato vi hadde fortalt det ... Ha ein fin april!

Spøken følgjer i original versjon ..:

Ein opprømt Terje Søviknes forsnakka seg og røpte den sensasjonelle nyhenda til Midtsiden i samband med tildelinga av kongen si fortenestemedalje i sølv til Magne Lunde laurdag.

- Jau, det er riktig at Springsteen skal gjera ein akustisk konsert her i Oseana tysdag 24. juli medan han likevel er i Bergen, stadfestar arrangementssjef Berit Steen når vi konfererer ho med forsnakkinga frå ordføraren.

- Stadfestinga kom frå Springsteen sitt management i dag tidleg (laurdag, journ.mrk), så det har ikkje heilt gått opp for oss enno at vi får ei slik verdsstjerne til huset, smiler Steen.

Wrecking Ball Acoustic European Tour

Konserten blir del av ein parallellturné The Boss held under den pågåande Wrecking Ball Tour som starta i Atlanta 18. mars. 21. juli kjem Bruce Springsteen & The E-street Band til Noreg. Først med ein konsert i Oslo, før dei speler to gongar på Koengen i Bergen.

Det er medan dei er i Bergen Springsteen har funne rom for ein mindre akustisk konsert i Oseana.

- Dette er ein del av ein turné som har kome opp no i etterkant.

- Bruce ønskte å gjera noko meir ut av turneen når han var i Europa og fann ut han ville gjera ein strippa og meir intim session på stadar i nærleiken av der han speler fleire konsertar på rad, fortel F. St. A. Pril frå managementet på telefon til Midtsiden.

Wrecking Ball Acoustic European Tour kjem til å vitje berre fem stadar. Desse er Mataró (18. mai Barcelona), Pont-sur Yonne (5. juli Paris), Dunboyne (18. juli Dublin), Os (24. juli Bergen) og Kungsbäcka (28. juli Gøteborg).

Sett deg på liste

Billettsalet til konserten startar etter planen rett over påske.

- Bruce Springsteen er ein sympatisk kar og har sett eit makstak på billettprisane.

- Vi har ikkje heilt landa kva det vil kosta, men om lag 850 kroner per billett vil eg tru blir prisen, seier Berit Steen.

I Oseana har dei plass til 1500 tilskodarar på flatt golv. For at osingar skal få eit fortrinn opnar kommunen og Oseana for at ekte osingar kan setja seg på liste allereie no.

- Alle som kan dokumentera at dei er 5. generasjon osingar kan setja seg på ei liste og få fortrinn når billettane blir lagt ut, avsluttar Steen.

Her finn du informasjon om kva du treng av dokumentasjon og lista du kan registrera deg på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.