Bosstømming i påsken
Har du bosstømming skjærtorsdag, langfredag eller 2. påskedag bør du få med deg tømmedagane for ferieveka.
I samband med påsken blir det endringar i når BIR kjem og hentar bosset ditt, både restavfall og papir/plast.
Skulle du hatt tømming torsdag 13. april (skjærtorsdag) så er ny tømmedag allereie i morgon, måndag 10. april.
Har du tømming fredag 14. april (langfredag) så må du setja ut restavfall, papir og plast tysdag 11. april.
Om du har tømming måndag 17. april (2. påskedag), så må du setja ut restavfallet ein dag seinare (18. april) og papir/plast onsdag 19. april.
– Dei som set ut spann 10. og 11. april må vera merksam på at vi desse dagane køyrer doble ruter for restavfall, papir og plast. Bosset ditt kan bli henta på eit anna tidspunkt enn normalt. Vi hentar bosset mellom 06.00 og 22.00, skriv BIR i ei melding.
Gjenvinningsstasjonen i Kolskogen er stengd alle helligdagar og påskeaften. onsdag 12. april er den open fram til klokka 15.