Sport | 31. aug. 2014

Bøthun på 2. plass i Uvdal

I fjor debuterte han i triathlon, i går hamna Gunnar Bøthun på pallen for første gong.

Bøthun på 2. plass i Uvdal
Gunnar sprang i mål til ein imponerande 2. plass av rundt 60 deltakarar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. aug. 2014 07:11

Gunnar Bøthun har bra med fartstid på ski, og trivst med løping og sykling.

– Men eg er ikkje noko rask på svømming, seier Gunnar, som likevel kom på 2. plass i Nore og Uvdal Triathlon laurdag.

Han debuterte med triathlon i fjor og var i midten av august rett bak vinnaren i Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon, om du trekk frå tida han brukte på å reparera øydelagt kjede på sykkelen.

Opp alpinbakken

Uvdal Triathlon går i olympisk distanse gjennom Numedal, 1500 meter svømming i Øvrefjorden, 40 km sykling og 10 km løping.

– Eg låg cirka på 20. plass etter svømminga, men klatra til 6. plass på sykkelen.

Dei første 6 av 10 km med løping er ganske flate, men så kjem bakkespurt opp slalåmbakken i Uvdal alpinanlegg.

– Eg trivst best når det er bratt og gjekk frå 4. til 2. plass i motbakken.

– Beste til no

Gunnar seier førsteplassen ikkje var noko å gjera med.

– Han er noregsmeister og vann med eit kvarter.

Men 2.plass av rundt 60 deltakarar synest Gunnar smaker godt.

– Uvdal er kortare enn Aurlandsfjellet, men det var veldig gøy. 2. plass er mi beste plassering til no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.