Lokal | 21. des. 2018

Botnahytta redda - mellombels

Hordaland fylkeskommune melder om mellombels freding av hytta med mykje lokal krigshistorikk.

Botnahytta redda - mellombels
Botnahytta i Samnanger er no mellombels freda. Her frå ei markering 8.mai 2016. (Foto: Privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 21. des. 2018 12:17

I oktober skreiv Midtsiden at Botnahytta stod i fare for riving - no går fylkeskommunen inn og fredar hytta.

I ein e-post til Midtsiden skriv konstituert fylkeskonservator, David Aasen Sandved at fylkeskommunen no har fatta vedtak om ei mellombels freding.

Les heile vedtaket her:

Med heimel i kulturminnelova § 22 nr. 4, jf. § 15 gjer Hordaland fylkeskommune følgjande vedtak:

Botnahytta, gnr. 1, bnr. 4 i Samnanger kommune (Askeladden-ID 212017-1, bygningsnummer 300719183171) vert mellombels freda.

Fredinga omfattar heile bygningen med eksteriør, interiør og fast inventar.

Grunngjeving for vedtaket

Botnahytta er ei tømra jakthytte bygd i 1941. Under andre verdskrigen gjorde den avsides plasseringa ho til ein veleigna skjulestad for motstandsrøyrsla, og frå 1942 til 1945 vart hytta jamleg brukt av både Milorg og Saborg i Os, Samnanger og Bergen. Etter at eit canadisk bombefly måtte naudlanda i Os hausten 1944, låg mannskapet i skjul i Botnahytta før dei vart brakt over Nordsjøen til Storbritannia.

Hordaland fylkeskommune vurderer Botnahytta som eit kulturminne med nasjonal verdi, grunna hytta si historie under andre verdskrigen. Motstandsrøyrsla er ein viktig del av den norske krigshistoria, men samanlikna med okkupasjonsmaktens verksemd har motstandsarbeidet etterlate seg langt færre fysiske kulturminne. Dei som enno finst, vert difor ekstra verdifulle. Nedskotne allierte flygarar som rømte frå tyskkontrollerte område er eit omfattande fenomen frå den andre verdskrigen. Botnahytta er med dette ikkje berre eit kulturminne knytt til motstandsrøyrsla i Noreg, men òg til luftkrigen over Europa og særskilt til innsatsen for å ta hand om nedskotne flygarar. Botnahytta har i denne samanhengen fått internasjonal merksemd. Hytta framstår i dag mest mogleg som ho gjorde under krigen, og bortsett frå naudsynt istandsetting er ho svært lite endra.

Det har i lang tid vore ein konflikt mellom grunneigar og hytteeigar om retten til å ha hytta ståande på staden. Festetilhøvet vart sagt opp av grunneigaren frå 25. februar

Fredingsmynde

Det følgjer av kulturminnelova § 15 at det kan fattast vedtak om freding av byggverk og anlegg av kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Etter kulturminnelova § 22. nr. 4 kan det fattast vedtak om mellombels freding inntil det er teke avgjerd i sak om endeleg freding. Mynde til å fatta slikt vedtak er delegert til Hordaland fylkeskommune med Miljøverndepartementets vedtak av 30. juni 1989 med seinare endringar.

Konsekvensar av fredingsvedtaket

Vedtaket om mellombels freding inneber at bygningen ikkje kan bli rive, heilt eller delvis og at alle endringar og/eller inngrep utover vanleg vedlikehald skal godkjennast av Hordaland fylkeskommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.