Kultur | 30. aug. 2011

– Bowlingen er redda!

Norgesgruppen og Os Bowlingklubb har kome til ei løysing som gjer at kulene kan halda fram med å trilla i Irisgården.

– Bowlingen er redda!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. aug. 2011 21:00

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Tidlegare i august blei det kjent at Os Filmsenter, som også driv Os Bowlinghall, ikkje fornyar leigekontrakten i Irisgården når den går ut 1. september.

Fleire blei uroa for at ikkje nye leigetakarar skulle koma inn og driva bowlinghallen vidare, og Os LHL frykta at dette betydde slutten for bowling i Os.

Men no har styremedlem i Os Bowlingklubb Tony Wold, som dreiv Os Bowlinghall for filmsenteret i ein periode på to år, vore med på å få fram ein avtale med Irisgården som klubben kan leva med.

– Det vil seia, vi har ikkje fått endeleg pris, men Norgesgruppen ved Jarl Berentsen har skissa eit opplegg som gjer at vi vel å halda hallen open framover, seier Tony nøgd.

Éin månad om gongen

Etter møter med Berentsen i i går og i dag har Norgesgruppen vist vilje til både å gje rabatt og til ikkje å binda klubben eller andre til lange avtalar.

I tillegg til redusert husleige får Os Bowlingklubb leiga utan å binda seg for meir enn éin månad om gongen.

– Det gjer at vi ikkje risikerer å tapa stort om det skulle visa seg at vi ikkje klarer den økonomiske delen av drifta.

– Bemanninga skal ikkje bli problem, utanom oss i klubben sin innsats har Os LHL sagt at dei vil hjelpa til.

Alt som før?

Førebels har det, ifølgje Wold, ikkje kome ny leigetakar på filmkiosken og gatekjøkkenet. Men bowlinghallen kjem til å bruka same inngang som før, eventuelt fram til ny leigetakar kjem.

– Vi kjem også til å ha om lag same opningstide som før, om ettermiddagane og utover kvelden, cirka 16 til 22 eller 23, og lunsj til 23-24 i helgene.

– Kva med feiring av bursdagar?

– Vi kjem til å disponera dei same romma bakover i lokalet, så det kjem vi til å halda fram med. Forskjellene blir at vi må inngå ein avtale med andre når det gjeld levering av mat, der blir nok pizza alternativet til hotdog. Og så må kanskje bursdagsbarnet ta med video sjølv.

– Bør gå bra

Wold fortel o stor interesse for bowlingen etter at det blei gjort kjent at den sto i fare for å bli stengt.

– Det er mange som har vore i meg og spurt korleis det går. No er eg glad for at hallen ikkje blir stengt.

Tony fortel om omsetnad frå 20.000 til 90.000 i månaden dei åra han dreiv hallen.

– Hausten er OK og januar til mars-april er endå betre. Frå mai og ut sommaren er det noko rolegare, så vi får satsa på å bygga oss opp i halvåret som kjem så vi klarer oss gjennom neste sommar.

Vil søkja om støtte

– Kva med møtet med ordføraren på fredag, kjem kommunen til å koma støttande til?

– Det var eit positivt møte, men førebels har vi ikkje noko konkret derfrå.

– Men som klubb kjem vi til å søkja om støtte som andre frivillige organisasjonar. At vi ikkje har så mange ungdomar i klubben kan redusera sjansen for å få støtte, men for mange er bowling god eldreomsorg, ein kjekk plass å vera før dei skal vidare oppover i gatene på Haugsneset, kanskje det drar opp, ler Tony.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.