BOXISM

Is it time to break the box?

BOXISM
 
Ei eksplosiv, sjangeroverskridande framsyning om å bryte ned menneskeskapte grenser
 
Kvifor stillar vi oss så ofte til kvarandre på bakgrunn av merkelappar, grupperingar og båser? I Boxism kjem nokre av Noregs framste dansarar innan hip hop, samtidsdans, jazzdans og breaking saman. Kva for sjanger eller «boks» kan denne framsyninga då plasserast i?
 
Boxism tar føre seg temaet utvisking av menneskeskapte grenselinjer og båser. Tittelen er basert på det engelske uttrykket "to be put in a box", eller på norsk, "å bli satt i bås", og visar til at det å sette kvarandre i bås er eit samfunnsfenomen på lik linje med andre -ismar; racism, feminism, nationalism, sexism osv.
 
Boxism er full av energi og eksplosivitet. Seks dansarar med bakgrunn i ulike dansesjangre møtast. Handlinga blir driven fram av ein tekstformidlar. Målet er utforsking av grenselandet og krysningspunkta mellom dei ulike stiluttrykka. Gjennom samarbeid og fordjupning i felles problemstillingar får forskjellige uttrykksformer fungere i samspel. Visjonen er ei framsyning som bryt med gitte konvensjonar om form og innhald i ei danseframsyning; en framsyning som ikkje kan plasserast i nokon spesifikk sjanger (”boks”).
 
Begrep som fordommar og stigmatisering blir problematisert og satt på dagsorden. – Kva er det i oss som gjer det så lett å møte annsleisheit med skepsis? – Is it time to break the box?
 
Boxism hadde urpremiere den 1. og 2. mars 2018 i Bærum Kulturhus.
 
Idé, konsept og kunstnerisk leiing/koreografi: Catherine Michelet
Kunstnerisk medansvarleg og medverkande: Navid Rezvani
Dansarar: Jack Lorentzen, Eivind Linn, Christiane Bergersen, Albin Lindén, Sara Einbu og Catherine Michelet
Scenografi og lysdesign: Ola Bråten
Lyddesign: Bernt Karsten Sannerud
Tekst og dramaturgi: Oda Radoor
Kostymekonsulent: Signe Vasshus
Produsent: Catherine Michelet
 
Framsyninga har blitt støtta av Kulturrådet, Fond For Utøvende Kunstnere og Fritt Ord, og co-produsert av Bærum Kulturhus – Regionalt kompetansesenter for dans.
 
Turneen hausten 2019 blir presentert av Dansenett Norge.
 
Catherine Michelet
 
Catherine Michelet er dansar utdanna frå Kunsthøgskolen i Oslo, og har dei seinare årene jobbet stadig mer med koreografi ved siden av sitt virke som utøver. Catherine har jobbet som danser innen et bredt spekter av stilarter, som jazzdans, samtidsdans og hip hop. Hun har medvirket i diverse produksjoner for scene og TV, og turnert landet rundt med flere oppsetninger. I tillegg har hun jobbet med dans og undervisning på skoler og asylmottak. Med ”Boxism” har Catherine nå utvidet sitt kunstnerskap til å omfatte både rollen som koreograf, produsent og utøver
 
 
Varighet: 70 minutt utan pause
Anbefalt frå 12 år
Ord: 275,- 
Stud. / BT: 220,-
Barn under 16 år: 95,-
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 

Lørdag, oktober 19, 2019 - 19:00