Lokal | 09. nov. 2010
Bråk i Byvegen
Ein mann i 20-åra blei i formiddag tatt hand om av politiet, mistenkt for vald og hærverk i Byvegen.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. nov. 2010 14:38
I 11.30-tida tysdag rykte politiet ut på melding om slåssing i eit av dei nye husværa for rusavhengige i Byvegen.
- Vi fekk melding om at ein mann var valdeleg og utagerande, han skal både ha slått ned ein annan i same bufellesskap og øydelagt ein del inventar, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Mannen, som er i 20-åra, blei pågripen utan dramatikk.
- Han er mistenkt for valdsbruk og hærverk og er no tatt inn til avhøyr, opplyser Hadler-Olsen.