Lokal | 25. mars 2014

Bråk med narkomane

Politiet rykte ut til Amfisenteret to gongar måndag.

Bråk med narkomane
(Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. mars 2014 07:56

Måndag i 14-tida fekk politiet melding om to rusa menn på AMFI Os.

Politiet rykte ut og fann éin av dei, og han blei vist vekk.

– Seinare på ettermiddagen fekk vi melding om at det var fleire narkomane på senteret, og at det var mykje bråk med dei, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Då patruljen kom til staden blei nokre av dei sjekka nærmare, og på éin av dei blei det funne kniv og mindre mengd av noko politiet trur er narkotika.

– Han blei tatt med inn på kontoret og blir meldt for både å bera kniv og for å ha narkotika på seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.