Lokal | 22. mai 2019

Bråk på bussen

Ein vaksen mann hamna i krangel med fire ungdomar.

Bråk på bussen
Politiet møtte bussen på Søfteland etter melding om krangel om bord. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. mai 2019 08:06

Tysdag i 18.40-tida fekk politiet melding om krangel om bord i ein buss på veg frå Os til Bergen.

– Vi fekk to meldingar, éi melding frå far til ein gut som var passasjer, éi frå ein av dei fire ungdomane, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den første meldinga kom då bussen var ved Tøsdalsvegen, politiet møtte bussen på Søfteland.

– Patruljen fekk ein prat med begge partar. Dei fire gutane, som er i ungdomsskulealder, og den vaksne mannen, som skal ha framstått som rusa på alkohol.

Gutane fekk gå om bord igjen på bussen, mannen fekk ikkje vera med vidare.

Fann skadd hjortekalv på brygge

I løpet av tysdag fekk politiet, via Os kommune, melding om ein sjuk eller skadd hjortekalv som låg på ei brygge i Særvollsvika.

Viltkontakt blei kontakta og tok seg av saka.

Mopedist fekk åtvaring

Ein gut på rundt 18 år blei i går stoppa litt nord for Os sentrum.

Skiltet på mopeden han køyrde var vippa opp så det var vanskeleg å lesa for dei bak.

Mopedisten fekk ei åtvaring og pålegg om å ordna skiltet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.