Braksiger til damelaget!
Til pause leia handballdamene til Os 24-9. I andre omgang skåra dei endå fleire - og tetta igjen bak.


Bergen Handballklubb rykte opp til 2. divisjon i vår. I dag fekk dei verkeleg smaka på nivået.
- Klubben er ny i divisjonen, i tillegg har dei mista mange gode spelarar, fortel Os-trenar Kenneth Husebø om torsdagens motstandar.
Os klarte seg greit mot svak motstand i starten, og leia 9-24 til pause.
- Eg gav klar beskjed i pausen om at vi ikkje skulle ta lett på det sjølv om det ikkje var mykje motstand. Det såg ut til å fungera.
I andre omgang sleppte Anne-Lene Tysseland berre inn 3 mål. Sjølv skåra Os, som var på bortebane, heile 27 mål i siste halvdel av kampen.
- Dette var eg veldig nøgd med, at jentene gav alt og tok kampen som ei god treningsøkt, seier Kenneth.
Os vann 12-51 (9-24)
Målskårarar:
Ingvill Hefte 12 (4 av dei på straffe)
Madeleine Hjertnes 11
Tonje Hjertnes 10
Hilde Kristine Røttingen 8
Elise Hjelle 6
Trine Balland 3
Mona Breivik Stigen 1
Vibeke Ingebrigtsen sto i mål i første omgang, Anne-Lene Tysseland tetta heilt igjen i andre.
Dette var Os sin andre kamp for sesongen. Dei har vunne begge bortekampane, og med dagens målforkskjell leiar dei tabellen framfor Tertnes 2, som også har full pott etter to kampar.
Os spelar også dei to neste kampane på bortebane, mot Nordnes 30.9 og mot Bjørnar 2 10. oktober. Første heimekamp er ikkje før 18. oktober, då mot Fana.
SJÅ TABELL