Næringsliv | 17. mars 2010

Brakstart for blekkslagar

Det nystarta selskapet Fløysand Blikk AS søkjer allereie etter fleire fagfolk.

Brakstart for blekkslagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. mars 2010 08:57

Bildeserie:

1 av 5

For to-tre veker sidan kom Fløysand Blikk AS i drift. Selskapet, som Fløysand Tak eig saman med dei tre tilsette, har allereie hatt ein omsetnad på rundt ein halv million kroner.

- Viktigaste årsak til at vi starta selskapet var for å supplera oss sjølv med gode tenester, Fløysand Tak er som hovudentreprenør på tak storforbrukar av blekkslagartenester.

- Men det som er ekstra kjekt er at mesteparten av omsetnaden no i starten har vore til andre kundar, seier Gudmund Fløysand.

Treng fleire fagfolk
Fløysand Blikk har tre tilsette, blekkslagar Leif Garnes og brørne Robert og Eirik Hjørnevik, som frå før driv eit tømrarfirma.

- Vi har fått det flott her, dette er den best utstyrte blekkverkstaden eg har jobba på, seier Garnes, som har vore i bransjen sidan 1978.

No har han hatt opplæring med tømrarbrørne, og saman har dei sett seg inn i bruken av dei nye maskinene.

- Det blei travelt frå start, så vi treng fleire folk. Hadde vi fått ein blekkslagar frå Os, som anten er lei av å pendla til Bergen eller som driv for seg sjølv, og vil ha selskap i ny og velutrusta verkstad, så hadde det vore ideelt, meiner han.

Straumlinjeforma produksjon
Selskapet har investert i heilt nytt utstyr, ei stor platesaks er saman med knekkemaskin på plass. Mest spesiell er coil-linja, ifølgje Garnes.

- For det første har den eit praktisk opphengssystem for blekkrullene, for det andre har den noko få andre linjer i bergensområdet har, den kan slissa (kappa i lengderetning) i tillegg til å kappa.

Skøytefrie renner
Ikkje alt det nye utstyret står montert i verkstaden. Fløysand har blitt eineforhandlar på vestlandet for Kaizer, som produserer skøytefrie takrenner i blikk.

- Produksjonslinja er montert i ein hengar. Denne kan pumpa ut takrenner så langt rullen rekk, altså 250 meter skøytefri takrenne, om du vil, fortel Eirik Hjørnevik.

Fløysand produserer rennene sjølv, i hengaren, som sjølvsagt er mobil.

- Då slepp vi transport av ferdige, lange renner. Vi tar hengaren med til byggeplassen og produserer på staden, etter behov.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.