Kultur | 20. apr. 2011

Brakstart på billettsalet

Vamp i Oseana se l som varme bollar! Resten av Osøren-billettane blir sleppt på ein ny måte i år.

Brakstart på billettsalet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. apr. 2011 06:48

Torsdag i førre veke la Osøren Blues & Jazzfestival ut billettane til første konsert i festivalen, tjuvstarten med Vamp torsdag 23. juni.

– Vi selte 180 billettar på dei tre første dagane! Dette er veldig bra ifølgje vår målestokk, seier festivalsjef Gunnar Nagell-Dahl.

Storkonserten på sankthans blir arrangert i samarbeid med Oseana, som skal husa heile Osøren Blues & Jazzfestival i år, bortsett frå dei konsertane som går om bord i MS Midthordland.

Programslepp med Papa Slide

Resten av programmet kjem som vanleg saman med ein konsert, i år på Peppes med Papa Slide på «scenen» førstkomande laurdag.

– Serien med blueskonsertar på Peppes, som vi har kjørt månadleg i haust og vinter, har vore ein stor suksess. Det er tydeleg at publikummet vårt vil halda seg varme mellom festivalane.

Startar resten av salet på Øyro

Som tidlegare år slepp arrangørane billettane til medlemmane først, men i år får dei ikkje ein dag forsprang.

– Vi skal ha stand på Osøyro saman med Oseana, som skal selja Havfest-billettar, laurdag 30. april (retta, vi skreiv først juni, som naturlegvis er feil), red anm.

– For medlemmar startar salet klokka 11, frå klokka 12 er det ope for alle.

Her er årets Osøren-artistar:

• BB Lyngs Bluesband
• Bernie Marsden
• Billy T Band
• Blue Note Shuffle
• Eric Slim Zahl & TSWS
• Frigaard
• Hereide and the Bluesgangsters • Jolly Jumper & Big Moe
• Osøren Jazzensemble
• Papa Slide
• Quintet
• Rich Harper
• Tone Linn Mjånes
• Tone Lise Moberg
• Vamp • Vetrhus Bluesband
• Vidar Busk & His True Belivers
• Washamba

Kven som speler kor tid får du veta på laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.