Klokka 14.02 tysdag kom det melding om røykutvikling i ein bustad ved Lepsøyvegen på Storum.
– Vi har fått stadfesta at det er snakk om bygningsbrann, sa brannvesenet på veg ut i felten.
Brann i kjellaren
Ifølgje politiet skal det ha kome røyk opp på kjøkkenet frå kjellar.
– Då vi kom først til staden saman med ambulansen observerte vi røykutviking i kjellar og 1. etasje. Brannvesenet tok seg raskt inn i kjellaren og fann ein mindre brann som de fekk sløkt, fortel Sindre Hallem, innsatsleiar for politiet på staden.
– Var det nokon i huset då brannen startar?
– Meldar bor i huset og møtte oss då vi kom hit. Vi har snakk med begge dei to leigetakarane i huset og ingen av dei er skadd.
– Kva som forårsaka brannen veit vi førebels ikkje. Vi vil gå inn og gjera vår etterforsking så fort brannvesenet får lufta ut, avsluttar Hallem.
Brannvesnet skal ha kontroll på brannen, men driv framleis sløkkearbeid på staden.