Brann i gras og høgspent i Hellebakkane
– Først høyrde vi ein serie med høge smell, så såg vi lysglimta, fortel nabo.
Tysdag i 19.50-tida rykte politi og brannvesen ut til Lysefjorden etter melding om brann i høgspentmast.
– Det høyrdes ut som om det var militærøving i nabolaget, fortel eit vitne til Midtsiden.
Så kom nokre lysglimt frå høgspentmasta, og nokre naboar tok med seg pulverapparat og gjekk bort for å sjå.
– Det var flammar i masta og det dryp smelta plast ned på bakken. Det var allereie brann i gras og lyng.
Mannen prøvde å sløkka det med å trakka på bakken, men måte til slutt bruka sløkkeapparatet.
– Fare for spreiing til fleire hus
Brannvesenet, politiet og BKK kom raskt til staden. Brannvesenet dreiv ettersløkking på bakken mens det framleis var små flammar i masta.
– Naboen gjorde ein viktig jobb då han kom og sløkte graset. Det er berre fem dagar sidan vi hadde snø, men så tørt og varmt det har vore dei siste dagane kunne ein grasbrann spreidd seg fort, seier brannsjef Stein Gjøsund.
– Om leidningen hadde blitt kutta og kome på bakken, burde publikum halde seg 25 meter unna, og naturlegvis skal du ikkje bruka vatn der det er fare for at du kan spruta på straumførande leidning.
Fleire hus i Lysefjorden er no utan straum. Ifølgje BKK er det 27 abonnentar som i skrivande stund er straumlause.
Det blei spøkt med at det var elektrisk stemning i Lysefjorden sidan Lysekloster i dag trekte Brann (!) i andre runde i NM. Kampen går onsdag 26. mai.