Brannen skal vera i eit naust, men fleire bustadar i same område er berørte. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Brann i naust - leilegheiter er fylte med røyk

Søvikneset: – Ei kvinne og ein baby er evakuerte, opplyser politiet. 

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag i 10.30-tida kom det melding om brann i ein bustad på Søvikneset i Lysefjorden.

Det brenn no i både naust og hus vis a vis Lysøen.

– Brannvesenet er på staden. Det brenn i eit naust tilknytt fleire husvære, opplyser politiet.

Dei fekk opplyst at det ikkje var personar i huset då det byrja å brenna i naustet. Ei kvinne og ein baby er evakuert.

Det er kraftig røykutvikling på staden.

– Ikkje fare for spreiing

Brannen er i eit område med fleire naust, nokre av dei i tilknyting til bustadar, blant anna den 1200 kvadratmeter store eigedomen som blei lagt ut for sal i mai i år.

– Det brenn framleis i naustet, men faren for spreiing til andre bygg er no over, opplyser politiet kokka 11.13.

– Men det er røyk i husværa som ligg i tilknyting til naustet, legg dei til.

OPPDATERT kl 12.05: Det brenn framleis i naustet, men brannvesenet har meir kontroll no.

Fleire saker