Brann i russebil på Søfteland
Eit batteri til musikkanlegg byrja å brenne i ein russebil på Søfteland torsdag ettermiddag. – Jentene i bilen skal ha honnør, dei gjorde alt rett, seier varabrannsjef Arne Monsen.
Klokka 1508 torsdag ettermiddag meldte 110-sentralen til brannvesenet om at ein bil skulle stå i brann på Søfteland.
– Os. Brann i bil ved Søfteland. Byvegen x Storestraumen, heiter det i den dramatiske meldinga frå brannvesenet.
Naudetatane rykte ut på meldinga.
– Gjorde alt rett
Varabrannsjef Arne Monsen fortel at det var eit batteri bak i russebilen som byrja brenna.
– Batteriet var ikkje til sjølve bilen, men eit batteri som forskynte musikkanlegget i bilen.
– Jentene som køyrde bilen gjorde alt rett. Dei svingete ut til sida og inn på sidevegen ved den nye avkøyringa til Hjellemarka rett sør for kontrollsona på Søfteland. Dei kom seg ut av bilen og fann fram brannsløkkingsapparatet. Jentene hadde sjølv sløkt brannen før vi kom fram. Dei skal ha all mogleg honnør for måten dei opptrådde på, skryt varabrannsjefen.
I følgje Monsen er bilen køyrbar, men det er noko pulverstøv i bilen og manglar naturleg nok no musikk på anlegget. Jentene skal ha vore på veg til russetreffet i Kongeparken.
– Om dei vel å fortsetta dit veit eg ikkje.
– Brannvesenet tek no med seg batteriet, som lekk litt syre, og får levert det som spesialavfall. Vi returnerar no til stasjonen.
Ingen skal ha blitt fysisk skadd i hendinga.