Politi og brannvesen på plass ved Europris. (Foto: KVB)

Brann i vogntog

Sjåføren har sove i bilen i natt, men heldt på å lossa då brannen braut ut.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag i 8-tida rykte nødetatane ut på melding om brann i eit vogntog på parkeringsplassen til AMFI Os i Prestegardsskogen.

– Eg fekk opplyst at bilen sto parkert nær bygning, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Framme på staden viste det seg at brannen var slått ned.

– Sjåføren heldt på med lossing då brannen blei oppdaga. Han var rask med å slå av hovudstraumbrytaren.

Han fann òg fram sløkkeutstyr og slo ned brannen med skumapparat før brannvesenet kom til staden.

Vil ha varsling i hytta

– Ingen blei skadd i brannen, opplyser politiet på staden.

Varabrannsjefen anbefalte sjåføren å kjøpa seg ein røykvarslar i hytta på bilen. «Eg skal kjøpa to» svarte sjåføren.

Sakna jolle frå Lekvenvågen

Forutan dokumentkontroll av polsk førar på Halhjem ferjekai og kollisjon i rundkøyring på E39 har politiet eitt notat til pressen tysdag morgon:

– Ei raud jolle på 8 fot, utan motor, er sakna frå Lekvenvågen. Den skal ha forsvunne ein av dei siste dagane, opplyser politioverbetjent Rune Fimreite.

Fleire saker