Lokal | 30. okt. 2009
Brann på Søfteland
Brannvesenet fekk raskt kontroll over bustadbrannen på Søfteland i dag.


Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. okt. 2009 16:35
Klokka 16 fredag ettermiddag rykte Os brannvesen ut på automatisk brannalarm i ein bustad på Søfteland.
Brannen skal ha starta ved sida av peisen i bustaden. Eit eldre ektepar var i huset då det byrja å brenna, og ein av dei skal ha fått lettare røykskadar.
- Ein dement mann tente på ved sida av peisen. Heldigvis blei brannen sløkt raskt, seier operasjonsleiar Oddvar Norfonn til Midtsiden.no.
- Begge blei frakta til lege for sjekk, legg han til.
Brannen kom raskt under kontroll.