Lokal | 14. feb. 2012

Brannstasjonen reiser seg

Om éin månad startar tømrarane. Den nye brannstasjonen skal stå ferdig på årets kulaste dato.

Brannstasjonen reiser seg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. feb. 2012 10:12

I mai i fjor blei første spadetak tatt, før jul starta betongarbeidet på brannstasjons-tomta på Moberg.

– For 2-3 veker sidan byrja dei også med stålarbeid og om ein månad kjem tømrarane i sving, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

– Det er veldig kjekt for oss i brannvesenet å følgja med på arbeidet, det blir ei ny verd for oss å koma i ny stasjon.

Brannstasjonen skal vera ferdig før jul, nærmare bestemt 12. desember i år, 12.12.12.

Fleire milepælar

Gjøsund fortel at han har inntrykk av at det er god dialog mellom byggherre og entreprenør.

– Tor Inge Døsen i Os kommune styrer byggeleiinga med fast hand, seier brannsjefen.

Blant datoane brannsjefen har merkt seg er desse:

14.3: Tømrarane set i gang.
21.3: Taktekkinga startar.
24.4: Tett hus.
6.7: Malarane og golvleggarane byrjar.

Førebur flytting

Noko av det brannvesenet ser fram til er å få utstyr og materiell samla på éin plass.

– Men vi har ikkje byrja å pakka enno, seier Gjøsund.

Likevel har dei byrja å førebu seg på flytting, med planlegging av flytting av delar av utstyret.

– Ein kritisk fase blir flyttinga av sambandet og varslingsanlegget. Her blir eksternt firma kopla inn, for dette må skje raskt, og med backup-løysing.

Medan overrekkinga av ferdig stasjon er 12.12.12 kjem flyttinga og installeringa av nytt utstyr til å skje i etappar.

– I midten av januar 2013 ser eg for meg at det blir offisiell opning, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.