Lokal | 18. mai 2012

Branntilløp og narkotika

Det blei ei relativt roleg 17. maifeiring for politiet både på sjølve dagen og natta før.

Branntilløp og narkotika
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamrefredag 18. mai 2012 09:40

Politioverbetjent Terje Sperrevik fortel at det i det store og heile har gått roleg for seg i Os og krinsane.

- Onsdag ettermiddag var vi på ei ransaking der vi greip ei kvinne og ein mann med mindre mengder narkotika.

- Dette blir det oppretta sak på.

Dette var ikkje den einaste befatninga politiet har hatt med narkotika dei siste dagane.

- På morgonkvisten i dag greip vi ein rusa mann i Os sentrum.

- Også han hadde mindre mengder narkotika på seg og vil få oppretta ein sak mot seg, fortel Sperrevik.

To branntilløp

Onsdag fekk politiet og brannvesenet melding om brann i Os sentrum.

- Det viste seg å ikkje vera brann, men noko røykutvikling. Det var ingen open eld.

- Nett no er politiet og brannvesenet ute på det som skal vera eit branntilløp på eit kjøken. Eg har førebels ikkje fått noko fleire detaljar om den saka, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.