Bransjen undrar
Filmfestivalen 60° Nord får filmar før distributørane gjer det. – Dei lurer på korleis vi klarer det, seier Christoffer Kobbeltvedt.
Då den norske distributøren av Irvine Welsh sin «Ecstasy» fekk høyra at 60 gradar Nord skulle visa filmen før dei sjølv hadde planlagt distribusjon på den, undra dei korleis den «vesle» filmfestivalen på Os hadde greidd det kunststykket.
– Forklaringa er fryktlig enkel. Folka bak filmen har sjølv meldt filmen på festivalen via Withoutabox (påmeldingssystemet, journ.mrk), rett og slett fordi dei ville vera med på festivalen.
- Det gjorde dei lenge før filmen fekk ein distributør i Noreg og på den måten fekk vi noregspremiere på filmen, fortel pr-sjef Christoffer Kobbeltvedt med eit smil.
Den neste med Jennifer Aniston
Folka bak «Ecstasy» er ikkje dei eineste som har lagt merke til den sjarmerande festivalen i Os.
- Dan Schechter, som er regissør av «Supporting Characters», vurderte seriøst å ta turen for å vera med på festivalen og visninga.
- Problemet var berre det at filmen skal visast i New York to dagar før Os og i Los Angeles to dagar etter at den er spelt her på Mobergsneset. Dermed blei det litt for kort tid for Dan å fly 14-16 timer kvar veg for å få med seg framsyninga.
Neste film Dan Schechter skal gje seg i kast med er mellom anna med ikkje heilt ukjende Jennifer Aniston frå TV-serien Friends og ei rekkje andre filmar.
«Supporting Characters» er ein av fleire filmar som får noregspremiere under festivalen når den blir vist søndag 22. april klokka 19.20.
Frå Thailand til Os?
Ei anna gruppe som også har vurdert å ta turen til Os er dei mannlege deltakerane på det thailandske cheerleader-landslaget. Måndag klokka 19.00 er det nemleg framsyning av dokumentarfilmen «The Cheer Ambassadors», som følgjer dei sjølvlærte utøverane frå Universitetet i Bankok på reisa mot ICU World Cheerleading Championship i Florida.
- Vi har fått høyra at dei har vore i kontakt med den norske ambassaden for å undersøkja korleis dei kan koma seg til Os og Noreg.
- Om dei kjem veit vi enno ikkje, men om dei gjer det skal dei vera hjarteleg velkomne, forsikrar Kobbeltvedt.
Ein Rocka kveld
Ein av Os sine eigne filmskaparar, Rolv Lyssand Bjørø, viser både kortfilmar «Paradox» (søndag 22/4 kl 19.20) og «Skyggelys» (forfilm for opningsfilmen «The Lady» laurdag 21/4 klokka 13.30).
Desse er to av fleire norske bidrag, men berre éin av dei norske filmane er ein full spelefilm. Til gjengjeld blir det både film og rockekonsert.
- Timinga på dei norske filmane i vår passer ikkje heilt inn i tidspunktet for festivalen, men eg gler meg stort til å sjå og oppleva den einaste norske spelefilmen «The Rocka» på programmet fredagen under festivalen.
Filmen handlar om Big B Thunders som har tatt eit val. I ein alder av 44 år seier han opp jobben og børster støv av ein gamal gutedraum om å bli internasjonal rockestjerne.
- Dette er ein fantastisk mockumentary (liksom-dokumentar, journ.mrk) med namn som Thomas Seltzer og Ronni le Tekrø på rollelista.
- Etter framsyninga blir det skikkeleg rockekonsert i Oseana når bandet frå filmen speler opp.
- Når dei høyrde om korleis festivalen var lagt opp, der publikum og bransjefolk møter kvarandre uformelt og avslappa, gav dei klar beskjed om at dei ville vera med på gallafesten laurdagen òg. Dette måtte dei berre få med seg, avsluttar ein nøgd Christoffer Kobbeltvedt, to veker før festivalstart.