Braut opp kassen
Natt til fredag har det vore innbrot hos Os Byggsenter/XL Bygg. - Dei har brote opp kassen med brekkjern.
Om lag klokka 0100 natt til fredag gjekk alarmen ved Os byggsenter - XL Bygg i Industrivegen.
- Ein vekter var på staden og kontrollerte, men såg ikkje teikn til innbrot då, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
- Då dei tilsette kom på jobb i dag tidleg låg kassaapparatet på golvet og det var tydelege spor etter innbrot.
Nøkkel sto i, brukte brekkjern
Ved byggsenteret fortel dei at tjuvane har gått laus på kassaapparatet med brekkjern, trass i at nøkkelen til pengeskuffa sto i låsen ...
- Kassen med innhald ligg strødd utover golvet her no. Vi ventar på at politiet skal koma, fortel Janne Koldal i butikken.
- Patruljen er på veg, forsikrar Sperrevik.
- Om det er nokon som har sett noko i natt ber vi om at dei melder i frå til oss.
Har du tips kan du kontakta lensmannskontoret på 56 30 39 00.
Bil utfor vegen
Elles har det vore eit stille døgn for politiet i Os.
- Ein bil køyrde utfor vegen på Drange torsdag. Kva som har skjedd er uvisst.
- Om bilen har stått parkert og byrja å trille, eller om det var nokon i bilen har vi ikkje fått svar på, avsluttar Sperrevik.
Handbrekket skal ha vore av og bilen skal ha stått i fri då den blei funnen utanfor vegen. Politiet vurderer om dei skal oppretta sak.