Lokal | 29. okt. 2020

Brennevin og innslepp etter midnatt: Vil han følgja kommunen si anbefaling?

– Det skal vera trygt hos oss, men på vår måte, seier Bjarte Andersen.

Brennevin og innslepp etter midnatt: Vil han følgja kommunen si anbefaling?
Bjarte Andersen fortel om nye smitteverntiltak, men ei individuell tolking av kommunen sine nye anbefalingar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. okt. 2020 14:15

Onsdag klokka 18 kom Bjørnafjorden kommune med nye anbefalingar i samband med auka koronasmitte og nye anbefalingar og forbod i Bergen kommune.

I forkant hadde dei møte med aktørar i serveringsbransjen.

Dette er ei av anbefalingane: Serveringsstadar som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjestar/serverer ikkje brennevin etter klokka 24.

Men; dette er ei anbefaling, ikkje eit påbod/forbod, slik det er i Bergen.

– I møtet fekk vi dette muntleg framstilt, etter møtet la eg merke til at dette var anbefaling, ikkje påbod, seier Bjarte Andersen.

Han eig den einaste nattklubben i Os, Catten.

– Dette førte til at eg fekk nokre spørsmål. Må eg retta meg etter dette, eller kan eg ta mine eigne grep for godt smittevern?

Utelivsaktørane har hatt vanskar med å lokka folk ut før midnatt, ikkje minst då dei tidlegare i haust måtte stenga rundt midnatt. Sjølv om dei no kan få eit betre argument for å få folk ut før klokka tolv, fryktar Andersen at det kan oppstå meir smittefarlege situasjonar.

– Eg ser for meg at det å ikkje sleppa inn folk etter midnatt kan skapa situasjonar i døra, med venegjengar som kjem klokka 00.15 og viser lite forståing for at dei blir nekta. Skal det då stå 8-10 personar i døra og diskutera, mens nattklubben har god plass?

Kommunelege svarer:

– Det stemmer at dette er anbefalingar og ikkje påbod, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

– Det krev meir av kommunen å koma med påbod. Dessutan har vi smitten i Bjørnafjorden under kontroll, i motsetnad til Bergen. Men vi håper folk følgjer anbefalingane.

Kommunen har sagt at dei i dagane som kjem vil koma på synfaring.

– Dette er ikkje tilsyn, men ein runde for å observera og koma med eventuelle råd om forbetring.

– Det kan vera godt for folkehelsa å møtast over eit glas øl, men vi må vera varsame med nærkontakt, ikkje minst sidan vi er så nær Bergen.

– Kva om ein pub eller nattklubb vel å sleppa nokon inn etter midnatt, eller skjenka vodka til to gjestar, vil det koma nokon form for reaksjon?

– Det er litt vanskeleg å svara på. Om nokon trassar anbefalingar, og det fører til smitte eller smittefare, så kan det nok koma reaksjonar. Men det stemmer at det ikkje er like absolutt som til dømes skjenkereglane.

Konklusjon: Catten og Elvehuset vil ha innslepp og brennevin etter midnatt

Andersen understreker at han tar smittevern og anbefalingane frå kommunen på alvor.

– Vi hadde godt besøk i helga, men vi hadde stålkontroll på smittevern. Det er servering ved borda, og det er ingen rølp eller folk som løper rundt i lokalet.

– Mannskapen er godt drilla, vi har køyrd rollespel på smittevern, vi har rett og slett god trening.

– Men vi får ikkje kompensasjon for å følgja anbefalingar, og har bedrift og tilsette å ta omsyn til.

– Har du tal som skildrar kor viktig omsetnaden etter midnatt er?

– Ja. I helga hadde vi 66.000 kroner i omsetnad på tre timar, frå midnatt til baren stengte klokka 03.

– Før midnatt, medrekna sportsbar på dagtid, hadde vi 9.000 kroner i kassen.

Omsetnad etter midnatt er med andre ord 88 prosent av drifta.

– Før midten av oktober, då vi fekk lov å ha ope etter midnatt igjen, omsette vi for berre 30.000 kroner i veka.

Bjarte Andersen og Jostein Eck på Elvehuset (tidlegare Baronessen) har blitt einige om å ha anbefalingane i bakhovudet, men å bruka eigne, fortløpande vurderingar når det kjem til både skjenking av brennevin og innslepp etter midnatt.

Det betyr at det både blir innslepp og skjenking av brennevin etter midnatt komande helg på dei to stadane.

– Vi utfører visse tiltak. På Catten stenger vi éi av tre avdelingar, for å ta inn færre gjestar og ha betre oversikt.

– Elles har vi anbefalingane frå kommunen friskt i minnet, og tar våre vurderingar fortløpande gjennom natta.

– No har vi, med unntak av juli månad, blødd sidan mars. Vi har overlevd, og det har vi plan om å halda fram med, på ein fornuftig og trygg måte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.