Kultur | 31. mai 2010

Brown kan gje billett

VINN BILLETTAR: Denne veka har vi spørsmål om Angela Brown.

Brown kan gje billett
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mai 2010 09:56

Midtsiden deler ut 10 billettar til Osøren Blues & Jazzfestival-konserten med CC Cowboys, Eric ”Slim” Zahl & South West Swingers og Fredrik Strand Halland Band.

Konserten blir halde i Vognhallen fredag 25. juni.
Dei to billettane har ein samla verdi på 900 kroner.

Kvar veke fram til festivalen trekk vi ut éin vinnar av to billettar. I førre veke spurte vi kven som skulle spela gratiskonsert under opninga i Visningssenteret.

Svaret er Marius Neset, noko 36 visste. Vidar Mjånes blei trekt ut som vinnar.

For å vera med i trekninga må du denne veka svara rett på følgjande spørsmål:

Den amerikanske bluesdivaen Angela Brown skal med the Mighty 45’s spela årets kyrkjekonsert om sundagen under festivalen. Men Brown og bandet blir også å sjå på kveldstid ein av dagane i forkant. Kvar og kor tid?

Send svaret ditt til kjetil@midtsiden.no
Svarfrist: Fredag 4. juni klokka 12.

Vinnaren blir annonsert på Midtsiden.no innan kl 16 fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.