Lokal | 02. apr. 2020

To bruksforbod og rapport til Skatteetaten

Vegvesenet har hatt kontroll i Os i dag.

To bruksforbod og rapport til Skatteetaten
(Arkivbilde/ill. foto frå Halhjem, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. apr. 2020 14:50

Statens vegvesen har kontrollert tunge køyretøy på Halhjem ferjekai og i Os sentrum i dag.

10 køyretøy blei kontrollert, 2 av dei fekk bruksforbod.

Det eine køyretøyet fekk bruksforbod grunna manglande merking av gods som stakk over ein meter bak køyretøyet, den andre grunna lengde.

Vedkomande måtte korta inn vogntoget før han fekk køyra vidare.

Eit av dei kontrollerte køyretøya mangla avgift for å dra tilhengar. Her blei det sendt rapport til Skatteetaten.

I tillegg blei det skrive mangellapp på eit køyretøy med defekt nærlys og parkeringslys, ifølgje rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.