Brukte kaien til kontrollplass
Vegvesenet forsynte seg på Halhjem, men fangsten blei liten.
Onsdag var Vegvesenet tungt på plass for å sjekka tungtrafikken gjennom Os. I staden for å stå langs vegen kontrollerte dei bilane som sto i ferjekø på Halhjem, og bilane som kjørte av ferja.
– Det er litt smalt i Hjellemarka, der vi elles ofte står for å kontrollera personbilar. Dette er eit greit alternativ, seier Tom Børslid frå Statens vegvesen.
Kontrollørane sjekka blant anna kjøre- og kviletid, dokument, dekk og sikring av last.
– Vi skreiv ut 4-5 gebyr for gløymt førarkort eller vognkort. Enkelte hadde dekk med mønster som var heilt ned imot minimum, og fekk pålegg om å skifta, i tillegg var det nokre som måtte sikra lasta betre.
– Men det var ingen som blei meldt for brot på kjøre- og kviletid-reglane og alt i alt grei status på dei vi sjekka i dag, meiner Børslid.