Brukte namn i brevet
Både dato for angrep og fornamnet på rektor skal ha vore nemnt i brevet som fekk Søfteland skule til å stenga før helga.


Då Søfteland skule i førre veke blei stengt grunna trugsmål, var meldinga ut til presse og andre at det var skulen som var truga.
«Skolen brenner, bomber og flammer og blod en del. Ingen stopper oss torsdag 22. Oktober» skal ha vore mesteparten av ordlyden i brevet, og ifølgje BT.no skal namnet "Kåre" blitt nemnt.
Rektor ved skulen, Kåre Lutro, vil ikkje seia til BT om han har hatt ekstra tryggingsopplegg rundt seg sjølv desse dagane, og politiet held som vanleg tett.
Måndag sa Lutro, på spørsmål frå Midtsiden om kva han har gjort på desse dagane medan skulen var stengt, at han har jobba ein del. Rektor var blant anna på kontoret sitt på skulen både torsdag og laurdag, i tillegg til møtet sundag.
Den unge mannen som er varetektsfengsla denne veka blei pågripe torsdag kveld.Politiet etterforskar no i det vesle miljøet rundt mistenkte. Ut frå ordlyden i brevet er det ein viss sjanse for at brevet har fleire avsendarar.