Sport | 29. sep. 2019

Brukte tid på å skåra på ungt Sogndal 2

Lysekloster gjekk mållaus til pause, men skåra fire i andre omgang.

Brukte tid på å skåra på ungt Sogndal 2
Simen A. Næss skaut utanfor lengste stolpe i 1. omgang. Etter pause skåra han på to frispark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. sep. 2019 18:20

Bildeserie:

1 av 7

Lysekloster - Sogndal 2 4-0 (0-0)

Lysekloster tok i dag imot Sogndal 2 til 22. serierunde.

Sogndal 2 stilte ung, yngstemann er fødd i 2004 (15 år), men forsvarte seg godt.

– Dei var hardtarbeidande, men eg er, med unntak av mangel på mål, nøgd med førsteomgangen vår òg, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster dominerte frå start, hadde to skot på mål og to cornerar før kvarteret var spelt, mens Sogndal 2 var knapt over midtbanen med ball. Ein corner som gjekk over keeper og landa ved bakerste stolpe i 22. minutt var einaste sjanse til gjestane.

– I pausen fekk gutane beskjed om å ta seg litt betre tid mot etablert forsvar, å venta på den rette pasninga før forsøk på gjennombrot og skot.

To frispark av Simen A. Næss, begge i mål, fekk det til å lausna. Even Vetås og Eirik Jacobsen la på til 3-0 og 4-0.

Den lokale ungdomen Kristian Skjelvik Eidsnes fekk debuten sin for Lysekloster i 88. minutt.

– Han gjorde det bra, og var farleg frampå to gongar, ganske nær nettkjenning i debuten, skryter Hetlevik.

To spelarar, Thorvald Trætteberg og Dino Omerovic, pådrog seg karantene etter å ha fått kvar sine gule kort i dag.

Lysekloster klatra frå 5. til 3. plass på tabellen med dagens siger, og ligg no 5 poeng bak Djerv 1919, 9 poeng bak Vard Haugesund og 1 poeng framfor Fana og Fyllingsdalen.

Neste kamp går borte mot botnlaget Valdres.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.