Brygga som blei reparert i august 2014 er skadd igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Blei reparert for 700.000 i 2014

Delar av gjestebrygga ved Vindu mot Fjorden blei skadd i bølgene onsdag.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2013 blei ytste del av brygga ved Vindu mot Fjorden på Haugsneset skadd og stengt av, i august året etter blei den reparert.

Utbyggar gjekk inn med 200.000 kroner, Os kommune la 560.000 kroner i potten for å få arbeidet gjort.

60 pålar blei skifta etter at makkspist treverk gav etter for krafta frå fjorden.

Onsdag blei den same brygga skadd igjen.

– Reparasjonen og dimensjonane var etter boka, men av og til kan tydelegvis kreftene blir større enn venta, seier Per Atle Arefjord frå teknisk eining i Os kommune.

Brygga er no stengt av.

– Vi vil ha fagfolk til å sjå på brygga over helga, fortel Arefjord.

– Er det mistanke om at flytebrygga som har landgang frå denne delen av kaien har hatt innverknad?

– Nei. Sånn det ser ut no har ikkje den spelt nokon rolle. Det er nok dei store bølgjene onsdag kveld som har øydelagt brygga frå undersida.

Fleire saker