Næringsliv | 26. jan. 2020

BT-prisen til to firma frå Os

Sælen Møbler og Sport Norge/Sport Outlet i tet innan marknadsføring.

BT-prisen til to firma frå Os
Tommy, Svein og Arild på prisutdelinga fredag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. jan. 2020 18:48

Fredag blei BT-prisen delt ut på staseleg fest i Bergen.

I 2017 blei det pris til både Sport Norge, som i tilbakeblikk på året 2016 heitte MX Sport, og Privatmegleren.

Den gong vann den lokale sportkjeda «årets kampanje», denne gong fekk dei den gjevaste prisen, «årets annonsør».

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i Sport Norge/Sport Outlet-leiinga i helga, men dei var heller ikkje einaste vinnar frå Os.

Sælen Møbler, som opplevde over 35 prosent vekst i fjor, fekk BT-prisen i kategorien «årets nykomar».

Tilfeldig treff og taletrengt bror

– Vi visste jo ikkje kva vi gjekk til, og blei litt overrumpla då vi kom inn og såg kor staseleg fest det var, med Dagfinn Lyngbø, Datarock og De Musikalske Dvergene på scenen, seier Tommy Sælen.

– Og då vi vann prisen blei til og med broderen taus. Det var nesten som om det var ein pris i seg sjølv, seier Tommy om den elles pratsame broren Arild.

Det var eit tilfeldig møte for rundt eit år sidan, som førte til at Sælen Møbler trappa opp marknadsføringa, noko som gav effekt.

– Eg hadde vore i eit anna møte i Os, der eg ikkje landa noko avtale. Sidan eg var fersk i Schibsted, tenkte eg at eg ikkje kunna reisa tomhendt til Bergen, seier seljar og rådgjevar Svein Håkansson.

Han blei godt mottatt av brørne Sælen, og oppdaga eit par ting dei kunne gjera smartare.

– Dei sendte ut katalogen sin med post, og det kosta meir enn det såg ut til å smaka. Dei flytta til meir målretta distribusjon som innstikk i BT, og nådde ut til nye folk. Samtidig supplerte dei med digital marknadsføring, fortel Håkansson.

Han gler seg saman med annonsekundane.

Dette er juryen sin uttale:

Vinneren av årets nykommer har under året 2019 vært på en utrolig reise, i et mildt sagt tøft marked hvor forhandler etter forhandler trekker seg ut av kjedene eller stenger dørene for godt. De har en fagkunnskap som strekker seg over generasjoner, en serviceinnstilling som knapt kan sammenlignes. Sammen med oss i BT og Schibsted har vinneren fått ny innsikt og økt fokus på markedsføring. Skal du oppnå effekt og klare å nå forretningsmålene så må man ta tøffe valg og våge å stå i dem l stedet for å sette seg på sofaen. Vinneren tørr dette og de tør investere tilstrekkelig til å lykkes, noe som ga vinneren en 35% vekst i 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.