Budsjettframlegg frå FrP/H
Posisjonen (FrP/H) styrkar oppvekst/kultur, skjermar primærtenestene i eldreomsorga og trur på høgare inntekter.

Tysdag presenterte dei politiske partia i kommunestyret sine framlegg for budsjett for 2012 og økonomiplan for 2012-2015.
Her er fellesframlegget frå Frp/H i ei kort oppsummering. Saman med dei andre framlegga vil budsjettforslaga ligge ute for innspel frå organisasjonar og privatpersonar fram mot endeleg handsaming i kommunestyret 6. desember.
Les Sentrumspartia sitt framlegg her
Auka inntekter/kutt:
Auka skatteinngong med kr 6.000.000,-
Reduserte renteutgifter med kr 3.000.000,-
Reduserte område Samfunn med kr 1.000.000,-
TOTALT kr 10.000.000,-
Auka bevilgningar basert på auka inntekter/kutt
Styrka kontrollutvalet med kr 200.000,-
Sette av eit disposisjonsfond for formannskapet på kr 2.800.000,-
Auke område helse og sosial med kr 4.000.000,-
Auke område oppvekst og kultur med kr 3.000.000,-
TOTALT kr 10.000.000,-
- Vi har justert opp forventa skatteinntekter med 6 millionar kroner basert på økonomirapporten frå oktober, forklarte Terje Søviknes på vegne av Frp/H.
- Samstundes har vi grunn til å tru at rentekostnadene blir lågare enn det rådmannen har lagt til grunn. Vi trur at eit fastrente rett under 3% bør være mogleg.
- I budsjettframlegget har vi ikkje lagt føringar for korleis hente ut denne gevinsten, men vi ber om at det kjem ei sak til politisk handsaming tidleg på nyåret på dette, forklarte Søviknes.
Ikkje meir å henta
Posisjonen har i sitt framlegg vald å styrka oppvekst og kultur med 3 millionar sammenligna med rådmannen sitt framlegg.
- Vi trur ikkje det er noko meir å henta i skulane, samstundes er det ut som om dei lever på dei rammene som no er gitt.
- Kutta på området må komme i barnehagesektoren, det blir tungt, men det blir dei som må ta dei, meinte Søviknes.
Skjermar eldreomsorga
Frp/H gjev i budsjettframlegget ros til kommunalsjefen og resten av tenesteområdet for å ha presentert konkrete kutt-/effektiviseringsframlegg for formannskapet.
- Vår hovudstrategi vil vera å skjerma basistenestene innan eldreomsorga i tråd med ønskje om å skyva på behovet for nye institusjonsplassar.
- Vi finn det ikkje rett å kutta antall plassar på Luranetunet eller i dagtilbodet no, forklarte Søviknes.
Dei øvrige kuttforslaga frå helse- og omsorgssjefen vil dei i utgangspunktet stetta.
Vil løfta sjukefråværet
Som dei øvrige partia er posisjonen opptekne av sjukefråværet blant dei kommunalt tilsette.
- Vi vil auka fokusen på dette arbeidet, også når det gjeld å løfta temaet inn til politisk leiing.
Oseana kjem i 1. kvartal
Søviknes forklarte at posisjonen ville støtta rådmannen sitt framlegg til investeringsbudsjett.
- Skulebruksplanen er i ei tidleg fase enno, men det kan koma endringar der.
- Det er viktig at prosjektgruppa passar på at ikkje ein gir for mykje til dei først prosjekta som skal realiserast, men held litt igjen slik at også dei som kjem sist i løypa blir fullført.
- Når det gjeld Oseana skal byggjekomiteen i 1. kvartal 2012 leggja fram rapporten og då vil vi ta stilling til korleis det prosjektet løysast.
Meir å henta på eigenandel
Frp/H ber i framlegget for budsjett om at administrasjonen går gjennom alle eigenandelar og gebyr som ikkje går i sjølvkostregimet.
- For oss er det uaktuelt å innføra eigedomsskatt, men eigenandelane og gebyra bør ellers ligga på nivå med og i enkelte tilfelle marginalt over nabokommunane og andre sammenlignbare kommunar i regionen, avslutta Søviknes.